Merk: Sidene er for tida under omlegging.
Ein del av det gamle innhaldet er for tida ikkje tilgjengeleg.
Bergen Religionskritiske Studentforeining, forkorta BRS, vart stifta 29.11.04.
BRS er registrert i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer 987886218.
Målet for BRS si drift er å tilby eit variert tverrfagleg utval av religionskritiske arrangement som skal kunne vere av allmenn interesse for alle studentar i Bergen. BRS ønskjer i tillegg å vere eit seriøst fora for alle som ønskjer å diskutere ulike aspekt ved religion og som vil engasjere seg i religionskritisk analyse. Spesielt vil vi ha fokus på religionen si rolle i det norske og internasjonale samfunnet. BRS ønskjer i denne samanheng å ha studiesirklar som kan auke kompetansen om religiøse tekstar og religionskritisk analyse generelt. Merk at ordet kritisk i foreininga sitt namn er meint i den nøytrale tolkinga granskande.
Takk til Kulturstyret for driftstønaden som gjer at vi kan arrangere våre arrangement.
Formålsparagraf:
Bergen Religionskritisk studentforeining, stifta 29. november 2004, er ein politisk partiuavhengig studentorganisasjon som har som formål å samle engasjerte studentar som vil arbeide for følgjande hovudmål:
a) Fremje eit allsidig religionskritisk aspekt innan samfunnsdebatten, spesielt med fokus på autoritære religionar og religiøse rørsler.
b) Avvikle statskyrkjeordninga i Noreg.
c) BRS vil arbeide for å fjerne Straffeloven sin §142, Blasfemiparagrafen.
For resten av BRS sine statuttar, trykk her.
Medlemskap:
Medlemskap i BRS kostar 50 kroner per semester. Medlemskap gir 30 kroner i rabatt på alle foreininga sine arrangement, samt rett til å delta på generalforsamlingane som er i slutten av semestra. Interessert i å bli medlem?
Epostliste:
Alle interesserte kan få bli med på vår e-postliste, uavhengig av om dei er medlemmer eller ikkje. For påmelding til epostlista vår kan du fylle ut skjemaet du finn på følgjande nettside http://mailman.uib.no/listinfo/brs.
Aktuelle tema for føredrag, debattar og studiesirklar:
BRS ønskjer å ha føredrag og debattar med tema spreidd over ulike sider ved religion og religionskritikk (religionskritisk analyse), slik at vi får størst mogeleg nedfallsfelt i studentmiljøet. Følgjande liste syner eit utval av tema og problemstillingar som BRS kan tenkje seg å bruke som basis for våre arrangement:• forhistoria og utviklinga av dei ulike religionane,
- kva som faktisk står i dei heilage skriftene som ein del religionar syner til,
- slektsforholdet mellom ulike religiøse retningar (som for eksempel at jødedommen, kristendommen og islam alle tilber Abrahams gud),
- bruk av religiøs argumentasjon innan politikk,
- koplingar mellom religion og lovverk,
- koplingar mellom religion og handel/økonomi (spesielt i spørsmålet på om dei som er fattige og lever i naud fortener hjelp eller om dei får ei fortent gudesend straff for usømeleg livsførsle),
- likestilling og religion,
- koplingar mellom religion og krigføring (korstog og jihad er i norsk samanheng kjente konsept, men også innan Hinduismen og Buddhismen har det blitt ført religiøse erobringskrigar. Få veit elles at Buddha er den første kjende helvetesprofet, referanse Buddha – prins og tigger En biograf, Humanistisk forlag, 2002, ISBN 82-90425-55-4, Torkel Brekke),
- 11-september syndromet: Religiøs fundamentalisme, polarisering kristne-muslimar,
- samfunnsutvikling gjennom historia og forholdet til religiøse retningar,
- moralske og etiske problemstilltingar i samband med ”den frie vilje” og motpolen ”determinisme”,
- moralfilosofi og humanisme som eit alternativ til religion,
- konflikten mellom kreasjonistane og darwinistane,
- konflikten mellom darwinistane og tilhengarar av ”Intelligent design”,
- psykologiske og medisinske forklaringsmodellar på det som vert kalla religiøse openbaringar,
- historiske og noverande konfliktar mellom religiøse dogme og (natur)vitskaplege forklaringsmodellar (er jorda universets sentrum, finnes det liv på andre planetar, er sjukdommar sendt som straffedom frå Gud eller skuldast det bakteriar og virus som vi kan verna oss mot),
- alternative religiøse retningar – fokus på og kritikk av New Age, åndevandring, healing osv. mirakel? Ei himmelsend gåve eller berre resultat av at det i ei verd der tilfeldigheita rår nødvendigvis av og til må vere nokon som opplever positive ting ein gong i blant.
I den grad nokon av punkta på lista over dukkar opp i nyhendebiletet, så er vårt mål at vi skal få eit relevant arrangement på plass så snart som mogeleg.
BRS har som mål å vere med på å auke det generelle kunnskapsnivået til dei som har interesse for religiøse og/eller religionskritiske spørsmål, og vil gjennom føredrag og debattar freiste å gje alle interesserte gode smakebitar på det store spekteret av historiske, sosiale og økonomiske situasjonar der religion har hatt og enno har stor innverknad. For å kunne få fleire kritiske og kunnskapsrike deltakarar i samfunnsdebatten, ser foreininga det som veldig viktig at dei som føler for å få djupare kunnskapar om desse ulike felta har eit forum dei kan delta i, og i denne samanheng er det vi ønskjer å opprette studiesirklar som alle interesserte skal kunne delta i. Vi vonar at våre studiesirklar skal gje opphav til lesarinnlegg i studentavisene, slik at vi får den store studentmassen i Bergen til å reflektere over dei spørsmål som vi ser som vesentlege i samfunnsdebatten.
Dersom du ønskjer meir informasjon om foreininga, kan du ta kontakt med oss per e-post.